Asker Mållag

Lokallag i Noregs Mållag

Labråten. Foto: Mette Eggen, Riksantikvaren (CC BY 4.0, Kulturminnesøk)

Om oss

Asker Mållag vart skipa i 1972 og er lokallaget til Noregs Mållag i Asker. Me vil samla målfolk i Asker til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område.

Aktivitetar

Her kjem informasjon om møte, arrangement og anna som skjer i laget. Følg med!

Labråten

På Labråten i Kunstnardalen på Hvalstad budde Hulda og Arne Garborg frå 1897. Her kunne dei skriva, driva kulturarbeid og ta imot vener og åndsfrendar. Unge kunstnarar som Olav Nygård og Rasmus Løland fekk rom og støtte her.

Garborgane og krinsen rundt dei var med på å forma norsk identitet gjennom arbeidet for språk og litteratur, teater, biletkunst og kulturtradisjonar frå bygdene. Sidan 1996 har heimen vore ein del av Asker museum, og han er open for omvisingar året rundt.

Les meir om Labråten hjå Asker museum

Bli medlem

Når du melder deg inn i Noregs Mållag og bur i Asker, blir du òg medlem i Asker Mållag. Medlemskapen styrkjer arbeidet for nynorsken både lokalt og nasjonalt.

Bli medlem i Noregs Mållag

Styret

Leiar
Erling Søyland
Styremedlem
Jan Martin Vevatne
Styremedlem
Marit Sandal Mortensen
Styremedlem
Anna Svorstøl Kastet

Kontakt

E-post
erlsoy@gmail.com
Organisasjonsnummer
919 831 642